V
V
Handsaming av personopplysningar hjå Stad VVS. Personvern er viktig for oss, og vi er opptekne av at personopplysningar vi mottek handsamast trygt og i henhold til gjeldande lovar om personvern. Her vil du finne ei orientering om korleis vi forheld oss til personopplysningar vi mottek. Denne erklæringa vil kunne vere gjenstand for oppdateringar og endringar. Når du er i kontakt med oss vil vi handsame personopplysingar om deg. I denne personvernerklæringa finn du informasjon om kva personopplysningar som samlast inn, kvifor vi gjer dette, og dine rettigheitar knytt til handsaminga av personopplysningane.
Vi samlar inn og nyttar dine personopplysningar til ulike formål avhengig av kven du er og korleis vi kjem i kontakt med deg. Vi handsamar personopplysningar som leverandør av tenester, i marknadsføringsøyemed og i forbindelse med besøk på vår heimeside. Vi samlar inn følgjande personopplysningar til formål angitt her:
Vi gir ikkje personopplysningane dine vidare til andre med mindre det føreligg eit lovleg grunnlag for utlevering. Eksempel på slikt grunnlag vil typisk vere ein avtale med deg eller eit lovgrunnlag som påleggjer oss å gje ut informasjonen.
Vi lagrar personopplysingane dine hjå oss så lenge det er nødvendig for det føremål personopplysningane vart samla inn for. Dette betyr for eksempel at personopplysningar som vi handsamar på grunnlag av ditt samtykke slettast om du trekkjer ditt samtykke. Personopplysningar vi handsamar for å oppfylle ein avtale med deg slettast når avtala er oppfyld og alle pliktar som følgjer av avtaleforhold er oppfyld. Nokre opplysningar har vi plikt til å oppbevare i ei viss periode. Opplysningane slettast då når fristen for oppbevaringsplikt har utløpt.
Vi gir ikkje personopplysningane dine vidare til andre med mindre det føreligg eit lovleg grunnlag for utlevering. Eksempel på slikt grunnlag vil typisk vere ein avtale med deg eller eit lovgrunnlag som påleggjer oss å gje ut informasjonen.
Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi handsamar om deg. Du har videre rett til å krevje begrensa handsaming, rette innsigelse mot handsaminga og krevje rett til dataportabilitet. Du kan lese meir om innhaldet i desse rettighetane på Datatilsynet si nettside: www.datatilsynet.no. For å ta i bruk dine rettighetar må du ta skriftleg kontakt med oss. Vi vil svare på di henvending til oss så raskt som mogleg, og seinast innan 30 dagar. Vi vil kunne be deg om å bekrefte din identitet eller å oppgje ytterligare informasjon før vi let deg ta i bruk dine rettighetar ovanfor oss. Dette gjer vi for å vere trygge på at vi berre gir tilgang til dine personopplysningar til deg - og ikkje til nokon som gir seg ut for å vere deg. Du kan til einkvar tid trekkje tilbake ditt samtykke, dersom du har avgitt dette, for handsaming av personopplysningar hjå oss. Den enklaste måten å gjere dette på, er å ta skriftleg kontakt med oss på firmapost@stad-vvs.no
Dersom du meiner at vår handsaming av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har skildra her, eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgivninga, så kan du klage til Datatilsynet. Du finn informasjon om korleis kontakte Datatilsynet på Datatilsynet sine nettsider: www.datatilsynet.no.
Om det skulle skje endring av våre tenester eller endringar i regelverket om handsaming av personopplysningar, kan det medføre endring i informasjonen du er gitt her. Om vi har dine kontaktopplysingar vil vi gjere deg oppmerksam på desse endringane. Ellers vil oppdatert informasjon alltid finnast lett tilgjengeleg på vår nettside.