Kven er vi
Kven er vi
Vår solide erfaring gjennom dei siste åra sikrar gode rutiner og informasjonsflyt fra start til slutt i kvart prosjekt. Stad VVS er sentralt godkjend i tiltaksklasse 2 på fleire områder - ein ekstra tryggleik for deg som kunde, då vi til ei kvar tid held oss oppdatert på forskrifter og byggjemetodar.
Som godkjend lærlingbedrift er rekruttering eit viktig satsingsområde for oss, og vi er stolte av faget vårt og våre dyktige handverkarar. Vi er medlem av VVS EKSPERTEN og har eigen butikk med utstilling på Stadlandet.